Tidlegare student i soloarbeid av Deborah Hay

av Jorunn Kjersem Hildre, 02/01/2013


“….eller ein lett fjelltur i ulendt terreng ein klar haustdag”

av Jorunn Kjersem Hildre

(På oppfordring frå kunstnaren skriv eg denne gongen på nynorsk)

color

Solveig Styve Holte på Scenehuset i Oslo

Den 4. desember 2012 oppheldt eg meg heldigvis på Scenehuset i Oslo. I det kvite, sjelfulle kyrkjerommet fekk eg sjå soloarbeidet ”I Think Not” utøvd av dansekunstnar Solveig Styve Holte. Soloen er skapt av Deborah Hay, ein amerikansk koreograf som kan seiast å vere ein av tidenes mest innflytelsesrike og nytenkjande koreografar. Solveig fullførte ein bachelorgrad i dans ved Norges Dansehøgskole i 2006, og i 2008 fullførte ho eit fordjupningsår ved Skolen for Samtidsdans. Kveldens soloarbeid søkte ho seg til fordi ho kjende eit sakn etter meir kontinuitet og sjølvstende i eigen dansepraksis. Dette fann ho i det Deborah Hay kallar Solo Performance Commissioning Project, i Findhorn i Skottland.

Solo Performance Commissioning Project
For å delta må ein vera profesjonell dansekunstar. I tillegg må ein skaffa seg økonomisk støtte frå sitt land, fylke, kommune, institusjon, eller frå andre bidragsytarar. Bak dette ligg ei politisk haldning om at kunsten må bli synleggjort og satsa på i kunstnarens lokalmiljø. Ved kvar visning må ei liste over bidragsytarar frå alle land ligge ved programmet, dermed blir også alle bidragsytarar gjort kjende overalt kor soloarbeidet blir vist. Kvar og ein av oss i publikum fekk denne lista i handa. Solveig sin solo vart støtta av eit kunstnarstipend frå Solveigs heimfylke, Møre og Romsdal.

I Findhorn i Skottland, fekk Solveig i løpet av elleve dagar, arbeide med soloen saman med nitten andre utøvarar, i tett samarbeid med over sytti år gamle Deborah Hay. Etterpå måtte kvar og ein signere ei kontrakt kor ein forplikta seg til å praktisere soloen kvar dag i tre månader før fyrste offentlege oppføring. I tillegg burde ein ta stilling til og kjenne seg att i nokre påstandar, som Hay kallar estetiske preferansar eller kunstnarisk orientering:

  • At det å kunne le av eigne seriøse intensjonar – kva tid som helst – er eit verktøy du hugsar å nytte.
  • Du har utforska deg sjølv og funne ut at sjølvrealisering  og “selfexpression”  fort begrensar seg i ein skapande kontinuitet.
  • Du ynskjer å utforske rørsle i all sin variasjon, enten gjennom eit kultivert, eller inngrodd fråvær av diskriminering.
  • Du er ikkje nøgd med å drive ein oppdelt praksis.
  • Du ynskjer at prosessar konstant utfordrast.
  • Din respekt for heile kroppens intelligens er overordna.
  • I det utøvande er det at du ikkje er bunden til di profesjonelle trening i dans, eller din teknikk i skodespel, ein kjelde til konstant innsikt og glede.
  • Du er fryktlaus i forhold til å virke tåpeleg og i din kapasitet til å bryte ut av form for å erkjenne kvar og kvifor den eksisterer.
  • Integrert i erfaringa di som utøvar ligg ein inkluderande relasjon til eit nærværande publikum.
  • Du er i ferd med å bli, eller er allereie dyktig på å overvaka eigen kunst og utøvinga av den.

Hay meiner at dersom disse punkta er utvikla i kunstnaren har ho eller han kapasitet til å sjå seg sjølv frå fleire perspektiv på ein gong, ikkje som ein dommar, men som ein rettleiar i arbeidet. I prosessen gir ho ei mengd av oppgåver og spørsmål som aktiverer utøvaren og soloen blir til gjennom dette, eit slags partitur, og gjennom rettleiing. Utøvaren har sjølv ansvaret for å fortolke og omsette disse oppgåvene til eit individuelt materiale.

Vi sit i sirkel og det er ei ganske trykkande stillheit. Vi ser kvarandre, nokon kjentfolk. Vi smiler litt. No er vi klare for Solveig. Og plutselig står ho der i sirkelen ilag med oss. Solveig skjelv lett på henda. Ho er i gong. Eg er og i gong med det same. Sjølvmerksam fordi eg sit i ein sirkel så alle kan sjå meg. Litt lavt og alvorleg seier ho:

Koreografen er ikkje her. Og det har ho heller ikkje vore det siste halvanna året.

Då eg søkte meg til dette arbeidet var det for å undersøke om denne praksisen var mulig. At eg kvar dag kunne gå inn i studio og finne noko nytt, å verte tjent av eit arbeid som ikkje var mitt eige og halde på interessa mi. Engasjementet mitt. Og eg har opplevd det som svært meiningsfylt. Difor er det ein risiko å invitere publikum til eit slikt prosessorientert arbeid, å gi frå meg eit verk som ikkje er mitt eige. Kanskje finnes der ingen tydelege spor etter meining i koreografien, kanskje er det ingenting å forstå. Det har vore viktig for meg å halde fast i å vere utøvaren i dette arbeidet. Deborah ber meg om å lytte til heile kroppen min på eitt. Og det same ber eg dykk som publikum om å gjere i dette augeblikk.

Eg ser alle, Solveig ser rett på meg, og medan eg ser, registrerar eg at andre og ser at eg ser. Og korleis eg ser. Eg må skifte stilling ofte, både i andletet og i resten av kroppen. På ubesværa og enkelt vis orienterer Solveig seg lett og raskt inni sirkelen. Ho dansar som om ho aldri skal lande for godt, stadig i forflytning, ein slags flyt. Sjølv om eg veit at Deborah Hay jobbar mot virtuositet, opplever eg at Solveig er virtuos. Dei kjappe retningsskifta og særeigne positurane er så veldig overraskande. Presist, enkelt og uhøgtidelig skifter vekta frå den eine foten til det andre i eit variert og uforutsigbart landskap. Det uproblematiske gjer at eg ynskjer meg meir motstand. Det er som om det blir for enkelt. Tittelen ”I Think Not” kan tyde ”Eg tenkjer ikkje”. Det kan og tyde ”Eg trur ikkje”. Eg likar tittelen, men eg trur. Og eg trur at Solveig og trur. Tanken streifar berre forbi og igjen er eg heilt med. Som Hay seier: det er ikkje tid til å døme, det er for mykje anna som må gjerast.

Eg sansar og kjenner respons i heile meg gjennom rørslene til Solveig. Kroppen lagar lyden i det veldig stille rommet, lyder av føtene på tregolvet, eit kne som møter golvet, nokre ledd som knekk litt, lyden av buksa hennar og etter kvart kjem det óg ei stemme ut. Lyd gir meg ei oppleving av lette. Det er nett som om lyden skjerpar merksemda mi endå meir mot det som skjer i Solveig. Og det skjer mykje i ho. Til tross for lettheita virka ho særs oppteken. Blikket hennar treffer mitt nokre gongar, men flyttar seg stadig vidare som i søken etter ny innsikt, utan at denne i seg sjølv er så viktig. Ho er på veg ein stad, men det er reisa dit som er sjølve målet. Ja faktisk kan eg få ei kjensle av å vere på ein lett fjelltur i ulendt terreng ein klar haustdag. Det er ikkje mykje som er så godt som det.

Solveig Styve Holte

Solveig Styve Holte

 

 

buy anabolic steroids